Viser innlegg med etiketten plagiat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten plagiat. Vis alle innlegg

søndag 9. oktober 2011

Framtidas slutt eksisterte frå før


http://www.stickycomics.com/where-do-you-get-your-ideas/

Når bør elevar vere bevisste på kva som er gode kjelder og henvise til desse? Korleis få dei til å forstå forskjellane på andres arbeid, eige arbeid? Når er ein inspirert og når er ein rett og slett ein copycat?

Med utgongspunkt i meg sjølv og mitt læringsforløp fann eg ofte tekstar andre hadde skreve og skreiv dei om med mine eigne ord. Dette i seg sjølv er jo ikkje gale, men manglande referanse satte heile teksta litt på grensa til det ulovlege. På den tida var eg redd for at læraren skulle finne ut at eg ikkje hadde funne på dette sjølv, eg var redd for at han eller ho skulle lese igjennom originalteksta, legge saman to og to og sjå at dette ikkje var mitt arbeid. Eg hadde ikkje lært at det var heilt vanleg å bruke kjelder, og endå meir vanleg å ikkje ha lov til å ha eigne meiningar viss ein ikkje kunne henvise til nokre andre som hadde same konklusjon. 

Eg veit ikkje hvilket klassetrinn ein forklarar elevane sine i dag korrekt kjeldehenvisning og at det er heilt greitt å bruke andre sine meiningar. Eg blei forklart at ein ikkje skulle kopiere frå andre, alt ein skreiv skulle komme frå ein sjølv, dette lærte eg i 10. klasse, men det var 1. året på vidaregåande at eg skjønte rett og gale.  

Ein av dei første oppgåvene på Media og Kom. på Firda var å skrive eit kåseri på ei side om kva vi ville bli når vi blei store. Eg hugsar ikkje kva eg skreiv, synd er det. Halvvegs spør sidemannen min om eg kan lese igjennom og sjå om eg såg skrivefeil og om eg likte den. Kåseriet var kjempebra svarte eg og gjekk tilbake til mitt eige arbeid. Eg var ikkje heilt ferdig, slutten var framleis eit mysterium men no hadde eg fått svaret. Sidemannen min hadde ein så artig slutt at eg baka den inn i mi framtid og. Ho leste over sidan eg hadde lest hennar, men reaksjonen var ikkje god. Eg forsto ingenting, var der så mange feil? Læraren kom bort, sidemannen min fortalde henne at eg hadde same ending som ho. Ja, sa eg, er det gale då?

Etter dette forsto eg at ein kopierte ikkje frå andre på den måten, uansett kor bra det måtte vere. Idag bør ein lære seg korrekt kjeldebruk tidleg, dvs hvertfall før vidaregåande. Dette er ei påstand, men den ligg på god grunn. Det er vel allment kjent at dei fleste elevar har meir tilgong til verda og kjelder via nettet i dag enn før. 


________________________________


http://2010.arkiv.ndla.no/nb/node/6738/menu608