søndag 9. oktober 2011

Framtidas slutt eksisterte frå før


http://www.stickycomics.com/where-do-you-get-your-ideas/

Når bør elevar vere bevisste på kva som er gode kjelder og henvise til desse? Korleis få dei til å forstå forskjellane på andres arbeid, eige arbeid? Når er ein inspirert og når er ein rett og slett ein copycat?

Med utgongspunkt i meg sjølv og mitt læringsforløp fann eg ofte tekstar andre hadde skreve og skreiv dei om med mine eigne ord. Dette i seg sjølv er jo ikkje gale, men manglande referanse satte heile teksta litt på grensa til det ulovlege. På den tida var eg redd for at læraren skulle finne ut at eg ikkje hadde funne på dette sjølv, eg var redd for at han eller ho skulle lese igjennom originalteksta, legge saman to og to og sjå at dette ikkje var mitt arbeid. Eg hadde ikkje lært at det var heilt vanleg å bruke kjelder, og endå meir vanleg å ikkje ha lov til å ha eigne meiningar viss ein ikkje kunne henvise til nokre andre som hadde same konklusjon. 

Eg veit ikkje hvilket klassetrinn ein forklarar elevane sine i dag korrekt kjeldehenvisning og at det er heilt greitt å bruke andre sine meiningar. Eg blei forklart at ein ikkje skulle kopiere frå andre, alt ein skreiv skulle komme frå ein sjølv, dette lærte eg i 10. klasse, men det var 1. året på vidaregåande at eg skjønte rett og gale.  

Ein av dei første oppgåvene på Media og Kom. på Firda var å skrive eit kåseri på ei side om kva vi ville bli når vi blei store. Eg hugsar ikkje kva eg skreiv, synd er det. Halvvegs spør sidemannen min om eg kan lese igjennom og sjå om eg såg skrivefeil og om eg likte den. Kåseriet var kjempebra svarte eg og gjekk tilbake til mitt eige arbeid. Eg var ikkje heilt ferdig, slutten var framleis eit mysterium men no hadde eg fått svaret. Sidemannen min hadde ein så artig slutt at eg baka den inn i mi framtid og. Ho leste over sidan eg hadde lest hennar, men reaksjonen var ikkje god. Eg forsto ingenting, var der så mange feil? Læraren kom bort, sidemannen min fortalde henne at eg hadde same ending som ho. Ja, sa eg, er det gale då?

Etter dette forsto eg at ein kopierte ikkje frå andre på den måten, uansett kor bra det måtte vere. Idag bør ein lære seg korrekt kjeldebruk tidleg, dvs hvertfall før vidaregåande. Dette er ei påstand, men den ligg på god grunn. Det er vel allment kjent at dei fleste elevar har meir tilgong til verda og kjelder via nettet i dag enn før. 


________________________________


http://2010.arkiv.ndla.no/nb/node/6738/menu608









5 kommentarer:

  1. Dette med rett bruk av kjelder er eit kjend tema for oss som arbeider i ungdomsskulen i dag. Det har kome meir inn etter Kunnskapsløftet sine relativt tydlege mål, samstundes som elevane stadig oftare brukar PC og internett i samband med skuleoppgåver.

    Allereie etter 7.trinn skal elevane kunne "forklare opphavsrettslige regler for bruk av tekster hentet fra Internett" iflg læreplanen for norsk. Etter 10.trinn skal dessutan elevane kunne; "bruke tekster hentet fra bibliotek, Internett og massemedier på en kritisk måte, drøfte tekstene og referere til benyttede kilder" samt;"gjøre rede for grunnleggende prinsipper for personvern og opphavsrett knyttet til publisering og bruk av andres tekster".
    Liknande mål finn ein også i andre fag som engelsk og samfunnsfag.

    Her er saksa eit utdrag frå sensorrettleiinga i norsk eksamen våren 2011;

    "Bruk av kjelder
    Dersom det er aktuelt for eleven å bruke kjelder i svaret, må desse kjeldene førast opp
    på ein etterretteleg måte. Det finst ulike måtar å føre opp kjelder på. Det er viktig at
    kjelder som blir brukte til eksamen, blir førte opp på ein slik måte at lesaren kan finne
    fram til dei.

    Eleven skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på så vel lærebøker som annan
    litteratur. Dersom eleven bruker utskrift eller sitat frå nettsider, skal han/ho føre opp
    nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato.

    Dersom sensor mistenkjer at eit svar inneheld kopiert materiale utan kjeldetilvising, kan
    svaret sendast til plagiatkontroll."

    Eksamen er som kjent (anten ein likar det eller ikkje..) ein sterkt styringsreiskap på utviklinga i skulen, og vi jobbar i alle fall målretta med våre elevar om å bruke kjeldelister og tilvisningar når det er snakk om faktatekstar, presentasjonar eller andre framføringar/ innleveringar. I tillegg vert det arbeidd med "å skrive om- ikkje av- gjer stoffet til ditt eige"- typer oppgåver. Eg trur nok at vi som har skrive mykje oppgåver i samband med studia våre (særleg etter kvalitetsreformen) har lært så mykje om dette at vi gjerne lærer dette vidare, og difor vil elevane gradvis bli flinkare til det.


    Det viktigaste, reint konstruktivistisk sett - er sjølvsagt å arbeide positivt målretta langs med for å lære elevane god skriveskikk. Sånn sett er det å truge med plagiatkontroll lite tillitsvekkande.

    Klipp og lim er likevel ein utbreidd metode, særleg i byrjinga på ungdomsskulen. Men det blir ofte raskt avlært med ein kvass kommentar og ikkje godkjent, evt. karakteren 1.

    Truleg må ein her, som ofte elles, velje ein pragmatisk pedagogikk kring dette temaet; ikkje berre naivt godtruande og ikkje berre behaviouristisk fordømmande. Som du/de ser har eg sjølv nytta ganske lange sitat for å gjere dette innlegget litt meir meiningsfylt enn om det berre var forfatta av meg åleine.

    Kjappe kjelder
    http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=156250
    http://www.udir.no/Upload/Eksamen/Grunnskolen/2011/Vurderingsveiledninger/5/NOR0214_0215_Norsk_hovedmal_sidemal_Vurderingsveiledning_NN.pdf

    SvarSlett
  2. Kjappe kjekke kjelder du har. Fint å kunne klikke seg vidare og lære meir.

    Fantastisk kommentar, sida eg har deg på gli så spør eg vidare:

    Kva slags døme viser de elevane for å få dei på rett spor?

    Har du nokre døme på spørsmål elevane har om emnet?

    SvarSlett
  3. Vanskeleg å kome med gode døme, men sidan vi samstundes er inne på temaet medelevvurdering/ samskriving etc., så viser det seg at dersom elevar har gjort gode omskrivingar og vi får lov til å dele tekstar dei har skrive med medelevane - vil dei ofte kunne fungere som gode rollemodellar. Då registrerer vi gjerne aha-opplevingar i klassen, samstundes som desse elevane får fortent kreditt. For å få til dette er det viktig at "klimaet" eller læringsmiljøet i klassen faktisk er slik at det er tøft, inspirerande og greitt å vere flink. Slik er
    det ikkje alltid slik i ungdomsskulen.. det kjem i alle fall ikkje av seg sjølv.

    Når det gjeld gode kjeldetilvisingar, treng det ikkje å vere dei aller skarpaste skribentane som får mest merksemd. Sjølv ein middels eller relativt svak elev- som slit med skriftleg framstilling, kan lære god kjeldebruk, i alle fall når det gjeld å vise til kjelder/ gje opp heile nettadresser o.l. Då kan desse også fungere som gode rollemodellar for resten av klassen, få fortent skryt - og slik sett faktisk vekse på erfaringa.

    Kjem diverre ikkje på noko døme på elevspørsmål, anna enn friskt i minne frå i dag- når vi arbeidde med å lage ein Powerpoint/impress- presentasjon om eit land i geografi: "Det blir så lange kjelder når vi googlar bilete. Treng vi å gje opp heile nettadressa på bildesøk, dei blir så latterleg lange?"

    Eg svarte ja, men er litt i tvil om dette er lurt. Kanskje det burde vere nok å gje opp Google.com/bildesøk/Kenya til dømes? Eg veit ikkje sikkert.

    SvarSlett
  4. Svar på spørsmålet til eleven din kan vere å bruke Google.com/bildesøk/Kenya i sjølve teksta, og lenkje opp denne med heile den lange adressa, om dei leverar digitalt sjølvsagt. Om dette er tilfelle så kan du fortelle elevane at sjølve biletet ligg ikkje i google, så om elevane sjekkar sida google har funne biletet frå kan det hende adressa er litt kortare, men ein veit aldri.

    Kan vi bake elevmiljø inn i oppgåveteksta vår? Send meg ein email på eliseardal@gmail.com så vi kan avtale ein skypedate oss tre i mellom, eg og Lone har diskutert ein del kva vi skal gjere, og ho har byrja å skrive litt allereie.

    See u!

    SvarSlett
  5. Hei Elise!

    Jeg kjenner meg godt igjen i det du skriver. Har hatt samme erfaringen med kilder og uvissheten rundt dette. Når vi jobbet med prosjektarbeid på ungdomsskolen var det stort sett klipp og lim, og i beste fall skjedde det at vi gjorde litt om på rekkefølgen og sammensetningen av ordene slik at det ikke skulle være helt likt. Jeg er derfor helt enig i at elever må få en grundig innføring i kildebruk tidlig. På høyere utdanningsnivå kan man bli straffet for useriøs kildebruk så det er like greit å begynne praktiseringen på lavere skolenivå, slik at man er godt rustet og vet hvordan man skal forholde seg til det.

    SvarSlett