søndag 9. oktober 2011

Samskriving

Frå: stickycomics.com

Samskriving,
skrive saman,
saman om ein tekst,
tekst skapt ilag,
lagarbeid,
arbeid skapt saman,
samarbeid.



"-Samtidig kan det å skrive sammen med andre være motiverende for aktiv læring. Elevene vil også kunne se teksten innenfra, fordi de skaper noe, samtidig som de kan diskutere språklige fenomener, sier Eritsland"(Amli:2008)*. 

Kåre Amli skreiv i ein artikkel til forskning.no om fordelane ved å la elevar skrive saman. Den klart største fordelen ved å arbeide slik er forbereiinga til arbeid seinare i livet. Å jobbe i team der ein har respekt for andre meiningar og kan tilpasse sine eigne i ulike situasjonar. Etter å ha studert i Wales i eit år vart det tydeleg kor mykje Noreg har satsa på samarbeid i skulen. Eg er 89-modell og L97 har sett sine preg på meg. Mine medstudentar ved universitetet i Wales hadde og har framleis store problem med å samarbeide i grupper. Mine tidlegare medstudentane fortalde sjølv at det ikkje var noko stort fokus på samarbeid i skulen. I gruppearbeid brukte vi lang tid på å blant anna avtale møtetider, delegere arbeid og roller, og å diskutere og ta opp ulike saker i gruppa. Kompromiss og initiativtaking for felleskapet var mangelvare. 

For nyutdanna i UK vil samarbeidskulturen vere eit slag i trynet den første veka i draumejobben, men det er sjølvsagt viktig å kunne stå på eigne bein, derfor bør ikkje samskriving ta all tid i til dømes faget norsk, men vere ein del av det. Ein forskar ved namn Middelfart laga ein powerpoint* i 2009 der det er lagt fram negative punkt ved samskriving, ei av dei er usakleg tilbakemeldingar på setningsoppbygging og stavefeil, som til dømes - for ei rar setning du skreiv no. Ut i frå det eg ser er formålet med samskriving å gjere elevane obs på korleis å omformulere slike usaklege kommentarar og etterkvart lære å respektere kvarandre, og seinare dra nytte av dette i arbeidslivet. 



__________________________________________________

Kjelder:

*Amli, Kåre: publisert 04.06.2008. http://www.forskning.no/artikler/2008/mai/183097 - besøkt 11.11.2011.


* Middelfart - http://www.sdu.dk/, 2009: http://www.google.co.uk/url?sa=t&rct=j&q=samskriving%20negative&source=web&cd=1&sqi=2&ved=0CBcQFjAA&url=http%3A%2F%2Fwww.sdu.dk%2F~%2Fmedia%2FFiles%2FOm_SDU%2FInstitutter%2FIfpr%2FKonferencer%2FNOFA%2FPraesentationer%2FAlferitsland.ashx&ei=HHS8Tv-nNcSg4gSEhryABA&usg=AFQjCNFndRcndVPbAGcfRrFzvLrVOEY7yA - besøkt 11.11.2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar