lørdag 29. oktober 2011

101 Tolking

Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere biletet. Gjorde ikkje det, brukte heller Adobe Lightroom - for å gjere det kjapt og enkelt. Uansett tok eg turen innom både Picasa og Picnik og sjekka ut kva programma hadde å by på. Picasa lanserte for nokre år tilbake ansiktsgjenkjenning. Programmet går igjennom alle bileta dine og samlar opp alle ansikta i katalogen. Jobben du må gjere er å sette namn på dei alle, men når det er gjort er det ein såre fryd å finne bilete av tante Oddlaug om det trengs. Storprogrammet Lightroom har ikkje denne funksjonen, noko som er eit leit faktum for alle dei med over 20 000 bilete i katalogen sin. Det finnest andre vegar å finne fram, men det skal seiast at å hugse om tante Oddlaug var med oss på hytta sommaren 2007, eller var i bursdag til vesle Elias, når du treng eit passeleg anstendig bilete i ei fart er ikkje ei lett sak.

Over til sjølve oppgåva, Ta eit bilete i breiddeformat der motivet er plassert på midten. Prøv deretter å plassere motivet i høve til tredjedelsregelen. På kven av bileta kom motivet mest til sin rett? Prøve det same med eit kvadratisk format. Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere biletet. Vil du seie at det kvadratiske formatet endrar måten å oppfatte biletet på sett i forhold til dei to plasseringane av hovudmotivet (midtstilling og tredjedelsregelen)?





I dette tilfellet kjem motivet mest til sin rett i midten av biletet. I tagningsaugeblikket har damene nettopp oppdaga meg og lurar på kva eg har i henda. Dei går nærare inntil kvarandre og følar seg truga. Greinene i sidene skapar ei dybde der auga går rett til damene. Greinene isolerar motivet, fangar dei der dei står så tett. Biletet fungerar og best i landskapsformat fordi plassen rundt damene gjer dei endå mindre og sårbare.

Å få med miljøet rundt damene, til og med dei gamle kleda nede til venstre er og var viktig. Det seier noko om kva slags område det er og atmosfære denne gata har. Det komponerte biletet er reinare i sin komposisjon, men det seier ikkje all verden, det er berre 'fint'.




Original bilete


Komponert bilete






Dei kvadratiske bileta er ein heilt anna sak. Om ein vel å croppe bileta sine frå rektangulært til kvadratisk skal ein ha ein god grunn til å gjere det. Å arbeide digitalt er heilt fantastisk, ein kan gjere kva som helst. For dei som framleis jobbar analogt er ingeting enkelt. Jobbar du med 120mm og 35mm film får du forskjellig utfall i format. Eit i kvardatisk form og eit i rektangulær form. Det ligg mange konnotasjonar bak desse to formata, deriblant kva slags type fotograf du er. Journalistfotografane brukte 35mm film kamera fordi desse var små og enkle å ta med seg. Filmrullane hadde og fleire eksponeringar og var billige. 120mm kamerane var og er framleis hakke dyrare om du skal ha eit som tek gode bilete. 120mm filmenrullen har berre 16 eksponeringar, men formatet og kvaliteten på bileta er betre enn 35mm filmrullane. Fotografane som brukte denne typen format var og er kunstnarar og motefotografar blant anna. Eit kamera som brukar 120mm er som regel stort og tungt. Ikkje veldig handy for dei som likar å gå å drage på kameraet i veska. 

Formaet har mykje å sei for motivet i biletet, dette gjeld og komposisjonen, men eg tenkjer ikkje så mykje på akkurat den biten når eg skal velgje format, det handlar meir om kva kamera eg vil bruke. 










Ein annan måte enn å plassere element i det gyldne snitt er å skape dybde. Dette er gjort i dømet ovanfor, her har eg berre brukt innstillingane på kameraet, stor blendaropning f/2.2 og rask lukkartid for å vege opp for lysmengda. Ein annan måte åfå same effekt er å bruke blur-tool i photoshop etc.




Fotografen Richard Page har brukt dette verkemiddelet i eit av sine prosjekt.


"The shallow focus lending the spaces the appearance of a model, where scale becomes deeply deceptive, a strange doubling takes place; reflecting an uncanny quality in which familiar territories become unfamiliar, at once real and certain but also unclear and deeply troubling" 


I linken nedanfor fortel Page vidare om sitt prosjekt om det 'uncanny landscape', der ein og kan sjå nokre av bileta han har teke og korleis han har brukt dybde for å poengtere sine teoriar. 


http://richardpagephotography.blogspot.com/p/what-we-already-know.html


Biletet eg valte frå nettet er ein del av ein serie kalla Closer av Elinor Carucci. Denne serien spinner rundt familien hennar, vennar og seg sjølv. Formatet er 35mm film.

Komposisjonen er bevisst satt opp. Interiøret er delt på midten, eit hotellrom med to av alt, likestilling. Er det likestilling mellom mor og datter? Nei, haldningane seier noko anna. Elinor skjuler seg for kameraet og mor, ho ventar på noko. Mor er meir reservert, trøytt, distanserar seg frå sitt 'spegel'.

Ikkje noko av relevans er i det gyldne snitt, noko som gjer biletet spanande. Auge må leite etter det vesentlege, det må vandre frå kropp til kropp, frå seng til seng, frå handklede til handklede. Den nesten spegelvente legg opp til at biletet skal vere kjedeleg og korrekt, men dynamikken i kroppane og blikket er ei flott kontrast og skapar noko. Spørsmålet som eg stiller meg sjølv er - Kvifor ville Elinor samanlikne seg sjølv med mor på denne måten?




"My mother and I in a hotel room, 1998" av Elinor Carucci





Mengden fotografar der ute er enorm og den blir berre større og større. Under har eg lista nokre av dei eg tykkjer er verdt å ta ein kjik på for inspirasjon og pure amazement. Enjoy!






















3 kommentarer:

  1. Flotte bildeeksempler og meget gode tanker rundt. "My mother and I" er et kjempeeksempel med en fascinerende bruk av blant annet symmetri som virkemiddel. Bra! Mvh Dag

    SvarSlett
  2. Heisann!

    Flotte bilete!

    Det å bruke bilete i undervisninga er kanskje særleg aktuelt i kunst og handverk.

    I læreplanen står det mellom anna at elevane skal kunne:
    ..."fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt"(7.trinn)
    ..."bruke ulike funksjoner i bilde- behandlingsprogram" (10.trinn)
    og .."tegne bildemanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak og vurdere bruk av egne virkemidler." (10.trinn)
    (Udir, 2006)

    Eg ser og høyrer mange K&H-lærarar som ergrar seg over digitaliseringa av faget i den gjeldande læreplanen. Mykje av grunnen til dette trur eg er manglande digital kompetanse, og redsel for å prøve ut noko nytt.

    Men det treng ikkje vere så himmla vanskeleg. Eg hadde faget for ei 8.klasse for eit par år sidan. Vi gav dei tre digitale oppgåver. Den første var å lære seg å bruke Powerpoint (O.O-Impress) skikkeleg gjennom å utforske dei kreative animasjonsmoglegheitene som ligg der medan dei laga ein presentasjon om eit sjølvvald tema. Den andre var å lage teiknefilm ved hjelp av Paint og Moviemaker. Enkelt, men veldig motiverande og kjekt. Den tredje var å ta eit digitalt fotografi med eit naturmotiv som var typisk for årstida- og redigere dette biletet i Photofiltre. Felles for alle oppgåvene var at sluttproduktet skulle leverast digitalt i ei presentasjonsmappe på Fronter.

    I ettertid viser det seg at dette var ein suksess. Elevane likte oppgåvene, vart motiverte og jobba godt. Samstundes som vi implementerte læreplanmål for Kunst og handverk, lærte vi elevane grunnleggande IKT-kompetanse som dei ville ha nytte av i alle fag. I tillegg klarte vi å gjere dette utan å bruke ei krone på programvare. Så det går an.

    Men det er klart at eg ikkje hadde god nok kompetanse i det med fotografering som fag, og difor hadde det kanskje vore ein idé å kurse ungdomsskulelærarar som underviser i kunst og handverk litt meir i samband med den nye læreplanen. Ein ting er å lage ein plan, ein annan er å følgje han opp med kompetanseheving. I så måte er vel K&H-faget også blitt hengande bakpå, då dei "viktigaste" faga er blitt prioritert.

    Læreplanen KL06, Utdanningsdirektoratet 2006
    Lasta ned 28.11.2011 frå:
    http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=0&gmi=5623&v=5

    SvarSlett