tirsdag 11. september 2012

Det Komplette Nettbrett



Tidleg i år fekk to kjekke karar blod på tann etter ein workshop som omhandla undervisning med iPad som hjelpemiddel. Terje Torsheim og Tor Egil Furevikstrand ville heller teste ut nettbrettet frå Samsung i kombinasjon med nye Windows 8. I morgon er det Kick Off for prosjektet Det Komplette Nettbrett ved Dale VGS i Sogn og Fjordane.

Vidare bruk av denne bloggen vil gå til dette prosjektet. Der eg som utanforståande vil teste ut, finne ut og skape litt diskusjon blant andre Samsung og Windows 8-brukarar ved Hafstad og Dale VGS.




lørdag 10. desember 2011

The failure wall


For å avslutte dette året med intensiv læring rundt det å lære, så tykkjer eg det er viktig å lese dette innlegget av Jeff Stibel. Han skriv om å feile.



http://blogs.hbr.org/cs/2011/12/why_i_hire_people_who_fail.html

fredag 2. desember 2011

Til det bedre eller det verre?


Eit døme, du er ny i ei bedrift eller organiasjon. Du ser forbetringspotensiale overalt. Du tenkjer med ein gong du har ei rolle som kan bety mykje for firmaet si framtid, og klekker ut fantastiske nye måtar a gjere ting på som vil gagne firmaet sitt rykte, økonomi, produkt og arbeidsplass. Du legg fram nokre idear til sjefen og tenkjer no blir det fart på sakene.

"Nei - vi gjer det ikkje slik her, har ikkje du fulgt med paa det som har vore sagt og vist til deg?"

Verda er i stadig utvikling, og om denne sjefen forventar aa kunne halde paa det same gamle heilt til han gaar av med pensjon, daa ender han nok opp med aa gaa av paa ein litt anna maate enn planlagt.

Knoster, Vila og Thousand har forska paa kva som hindrar skular for aa utvikle seg. Under har dei sett resultatet inn i ein tabell for å vise alle elementa som bør vere med i ei utvikling og kva som skjer når ein eller fleire manglar.


frå http://www.upassoc.org/upa_publications/jus/2011february/hocko5.html


Uti frå denne tabellen vil eg seie at sjefen sitter for godt til å trenge å tenkje på forandring, han vil ikkje sjå visjonen eller fordelane. Han ser ikkje behovet med å tileigne seg nye ferdigheitar og skaffe nye ressursar eller bruke dei gamle på nye måtar. Og sjølv om hans ansatte vil ha forandring så vil det ikkje skje noko før dei har ein slagplan, men ingen slagplan om sjefen ikkje er med.

Organisasjonar, bedrifter og ikkje minst skular er forskjellige. Modellen ovanfor synest eg vil vere eit godt verktøy for å sjå kor det gnagar og korleis ein kan takle problemet.







tirsdag 29. november 2011

Fleire kommentarar

 Kommentar til Rannveig om Tidsperspektiv.

http://margitstudieblog.blogspot.com/2011/11/skoleutvikling.html#comment-form


Kommentar til Kjelstad om lærara vs elevar på Facebook.

http://kjelstad.blogspot.com/2011/11/omsyn.html?showComment=1322577533207#c3884082793714746661


Kommentar til John og hans kontrollregime.

http://johnstrand.blogspot.com/2011/11/kontrollregimet-som-skolen-er-utsatt.html?showComment=1322923554078#c2382861874113207987

Kommentar til Kristin sitt syn på strategi og digital kompetanse.

http://kristinty.blogspot.com/2011/11/strategi.html?showComment=1322922004921#c1034847220172590790


Kommentar til Kristin og akademisk referering.

http://kristinty.blogspot.com/2011/11/digital-plattform.html?showComment=1322925381418#c1817769420499056833

Kommentar til Kjelstad og rekneark.

http://kjelstad.blogspot.com/2011/11/rekneark-ein-metode-for-implementere.html?showComment=1322926492001#c4896010437888509121

Kommentar til Bjørg og lyden hennar.

http://bjormor.blogspot.com/2011/11/gjett-lyden.html?showComment=1322927238144#c8863844791896141279

Kommentar til Lone og hennar bileteserie.

http://skavlone.blogspot.com/2011/10/bildefortelling-en-dag-pa-norges.html?showComment=1322928078541#c5202716555752464132

Kommentar til Lone og gratisprogram.

http://skavlone.blogspot.com/2011/10/er-det-riktig-flge-gratisprinsippet-i.html?showComment=1322928743516#c4955922812284532451

Kommentar til Ellenda og samskriving.

http://ellendah.blogspot.com/2011/10/samskriving-og-elev-elev-vurdering.html?showComment=1322929950760#c2288639406753328405

tirsdag 22. november 2011

Foreldre, born og sensitiv bruk av bikinibileter


frå stickycomics.com


"Retten til å bestemme om et fotografi kan publiseres tilhører altså fotografen. Det vanligste
er at det er fotografen som ønsker å publisere bildet. Er det da personen(e) i bildet som er
hovedsaken, er det personen(e) som avbildes som har siste ord. I skolesammenheng vil dette
ofte si at det er foreldrene som har siste ord. Gjennom å overføre fra generell rettspraksis i
Norge kan vi si at det går en "tommelfingerregel"-grense ved 15 år for når elevene selv kan
forvalte sine egne personopplysninger"(Antvort, 2011).

I min familie er det speilrefleksar pressa inn i hyller  og innerst på bord i anledning bursdagsselskap, julemiddagar og andre samankomstar. Blitsen går i eitt og borna dansar som ville dyr med pølsa i kjeften og ketchup på fingrane. Det hender eg får nokre fine, fine augeblikk som eg gjerne vil bruke i seinare arbeid og det har hendt at eg har publisert fotografi av mine søsken på nettsamfunn som er dedikerte til kunst, fotografi og design.

I eit ettermæle fekk eg refs av ei av mine mange mødre om å slette biletet. Ho meinte at no kan kven som helst sjå dette biletet og bruke det til kva som helst utan at eg veit det. Dette er heilt riktig, men kva er sannsynlegheita? Ho ser sikkert føre seg ein slu, ekkel mann med bart som bur i Peru og har ein usunn fascinasjon for born og unge. Eg gjentar, kva er sannsynlegeheita for at denne mannen brukar eit bilete av mine søsken til 'kva som helst'?

Ein bør heller tenkje på det samfunnet ein lever i og omgjer seg med kvar dag. Den sosiale gruppa eg held lag med på nettet har i liten grad peiling på kvar eg er i frå og dei eg kjenner der. I diskusjonen som oppsto i mellom mor nr to og meg drog eg fram lokalavisa som argument. I den bakre delen av avisa er der ei spalte med bursdagshelsingar. Dei fleste av desse helsingane er til born. I tekstane står det sjølvsagt alder, kva dei heiter, kven som helsar og gjerne kvar bursdagsselskapet skal haldast. Til slutt er det lagt ved eit bilete. Som sydenglade nordmenn reiser vi som oftast på ferie til varmare strøk, og når veiret er bra smilar vi frå øyre til øyre. Når ein leitar igjennom filene på maskina fin ein derfor dei breidaste smila frå feriemappa. Ikkje uvanleg finn ein bilete av bursdagsborna i berre bikini eller badeshorts trykt med namn, alder og bustad.

Er det ikkje større sjanse for at eit barn blir kidnappa på veg til skulen av ein lokal kjent enn at eit skarva bilete blir brukt av ein mann frå Peru?

Med dette i tankane kan ein ta føre seg skulane sine sider, der mange deler bilete av skuleturar osv for å vise borna til stolte foreldre og familie. Ein av skulane frå mi heimbygd opererar denne sida. Her finn ein både informasjon og bilete. Sannsynlegheita for at ein utanforståande kjem til å bruke innhald frå denne sida er svært liten. Nokon i lokalsamfunnet kan, dei vil ha kunnskap om skulen og kjenner sikkert fleire familiar, personale og elevar. Det er desse skumle individa ein bør vere obs på, dei som lever i smug i eit samfunn vi kjenner så godt.

Skular bør ikkje legge ut informasjon som Raudeberg Skule har gjort, eg meinar det bør vere eit lukka samfunn der personale og familiane som har elevar ved skulen har tilgong, tross alt det angår ingen andre enn desse partane.

Som oppsummering vil eg seie at dette var ein skikkeleg 'wordwommit', men tenk lokalsamfunn og internett, ikkje heile verda og internett.

PS, eg har med vilje ikkje brukt mamma- og pappabloggar som døme fordi det gjer meg berre sint.



____________________________________________________________________

Antvort, Kjell 2011: DKL 101 leksjon -  Hensyn

https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/136848397$577341605$/RomArkiv/Uke+47_prcent_3A+Hensyn/DKL101_Hensyn_h11.pdf - besøkt 22.11.2011

Raudeberg Skule

http://www.raudebergskule.no/index.htm - besøkt 22.11.2011

Bruk øyra du fekk av mor









Lyd, no har eg sete i fleire minutt og fundert på kva det er for noko, eller kva det betyr for meg og korleis det kan brukast i ei klasse. Kanskje eg ikkje har tenkt lenge nok, men ingenting ligg og duvar i hjernebarken. Etter å ha tenkt dette er det besynderleg at eg ikkje har meir å seie om denne saka sidan lyd har ei så mykje større verknandskraft enn både bilete og tekst.

Hm, seier du. Lyden er ikkje det ein legg merke til, den appellerar til underbevisstheita, til det som er innanfor hjernebarken. Lyd byggjer opp stemninga i miljøet ein er i. Ein legg ikkje merkje til den før den stoppar, ikkje fungerar eller stemmer.

No til dømes sit eg på ein kafe. Folk pratar, kaffimaskinene går og musikken er i akkurat passe tempo. Om musikken var for høg eller sjangeren var country då hadde eg ikkje sete her lenge, og klientelet hadde vore eit heilt anna uansett om møblementet og maten var den same.

Sidan levande bilete tok over for radio innan mange felt har lyd mista den fokusen den eigentleg skulle hatt. Vi tilbring tid i eit samfunn som satsar hardt på bilete, produserar visuelle hotspots for å få merksemd både positivt og negativt. Er det slik i skulen og? Satsar lærarar mest på bilete og tekst for å påverke og undervise elevane?