tirsdag 22. november 2011

Foreldre, born og sensitiv bruk av bikinibileter


frå stickycomics.com


"Retten til å bestemme om et fotografi kan publiseres tilhører altså fotografen. Det vanligste
er at det er fotografen som ønsker å publisere bildet. Er det da personen(e) i bildet som er
hovedsaken, er det personen(e) som avbildes som har siste ord. I skolesammenheng vil dette
ofte si at det er foreldrene som har siste ord. Gjennom å overføre fra generell rettspraksis i
Norge kan vi si at det går en "tommelfingerregel"-grense ved 15 år for når elevene selv kan
forvalte sine egne personopplysninger"(Antvort, 2011).

I min familie er det speilrefleksar pressa inn i hyller  og innerst på bord i anledning bursdagsselskap, julemiddagar og andre samankomstar. Blitsen går i eitt og borna dansar som ville dyr med pølsa i kjeften og ketchup på fingrane. Det hender eg får nokre fine, fine augeblikk som eg gjerne vil bruke i seinare arbeid og det har hendt at eg har publisert fotografi av mine søsken på nettsamfunn som er dedikerte til kunst, fotografi og design.

I eit ettermæle fekk eg refs av ei av mine mange mødre om å slette biletet. Ho meinte at no kan kven som helst sjå dette biletet og bruke det til kva som helst utan at eg veit det. Dette er heilt riktig, men kva er sannsynlegheita? Ho ser sikkert føre seg ein slu, ekkel mann med bart som bur i Peru og har ein usunn fascinasjon for born og unge. Eg gjentar, kva er sannsynlegeheita for at denne mannen brukar eit bilete av mine søsken til 'kva som helst'?

Ein bør heller tenkje på det samfunnet ein lever i og omgjer seg med kvar dag. Den sosiale gruppa eg held lag med på nettet har i liten grad peiling på kvar eg er i frå og dei eg kjenner der. I diskusjonen som oppsto i mellom mor nr to og meg drog eg fram lokalavisa som argument. I den bakre delen av avisa er der ei spalte med bursdagshelsingar. Dei fleste av desse helsingane er til born. I tekstane står det sjølvsagt alder, kva dei heiter, kven som helsar og gjerne kvar bursdagsselskapet skal haldast. Til slutt er det lagt ved eit bilete. Som sydenglade nordmenn reiser vi som oftast på ferie til varmare strøk, og når veiret er bra smilar vi frå øyre til øyre. Når ein leitar igjennom filene på maskina fin ein derfor dei breidaste smila frå feriemappa. Ikkje uvanleg finn ein bilete av bursdagsborna i berre bikini eller badeshorts trykt med namn, alder og bustad.

Er det ikkje større sjanse for at eit barn blir kidnappa på veg til skulen av ein lokal kjent enn at eit skarva bilete blir brukt av ein mann frå Peru?

Med dette i tankane kan ein ta føre seg skulane sine sider, der mange deler bilete av skuleturar osv for å vise borna til stolte foreldre og familie. Ein av skulane frå mi heimbygd opererar denne sida. Her finn ein både informasjon og bilete. Sannsynlegheita for at ein utanforståande kjem til å bruke innhald frå denne sida er svært liten. Nokon i lokalsamfunnet kan, dei vil ha kunnskap om skulen og kjenner sikkert fleire familiar, personale og elevar. Det er desse skumle individa ein bør vere obs på, dei som lever i smug i eit samfunn vi kjenner så godt.

Skular bør ikkje legge ut informasjon som Raudeberg Skule har gjort, eg meinar det bør vere eit lukka samfunn der personale og familiane som har elevar ved skulen har tilgong, tross alt det angår ingen andre enn desse partane.

Som oppsummering vil eg seie at dette var ein skikkeleg 'wordwommit', men tenk lokalsamfunn og internett, ikkje heile verda og internett.

PS, eg har med vilje ikkje brukt mamma- og pappabloggar som døme fordi det gjer meg berre sint.



____________________________________________________________________

Antvort, Kjell 2011: DKL 101 leksjon -  Hensyn

https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/136848397$577341605$/RomArkiv/Uke+47_prcent_3A+Hensyn/DKL101_Hensyn_h11.pdf - besøkt 22.11.2011

Raudeberg Skule

http://www.raudebergskule.no/index.htm - besøkt 22.11.2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar