tirsdag 15. november 2011

Kjør film "Å vakne"




Denne filmen heiter Å vakne. Den handlar om å vakne til ein ny dag, i eit kaldt rom med ei sol som skin.

Ein serie bilete samansett til ein film på minst to minutt. Det høyrtest så enkelt ut. Eg har gløymt kor tidkrevjande det er å ikkje berre lage filmen, men å vere sikker på at den ser bra ut i dei ulike nettverka ein vil ha dei i. Samtidig ser eg alltid noko nytt som må forandrast på, som eg kanskje brukte altfor lang tid på å sette inn i utgongspunktet.

Og kven pustar og brekar mens eg prøvar å jobbe? Maskina sjølvsagt.

Eg prøvde å lage ein fotoseire i Picasa, men fann fort ut at dei effektane eg leita forgjeves etter ikkje var så enkle å finne. Derfor kraup eg tilbake til iMovie og jobba der i frå. Eg har uansett lasta opp filmen i nettalbumet mitt i Picasa, men eg har og lagt den ut på denne nettstaden kalla Vimeo.

Filmen har ikkje noko soundtrack, noko som hadde vore veldig fint, kunne løfta stemninga meir, men tid er tid. Den har heller ikkje noko tekst. Det er ikkje nødvendig når formålet er å lasta den opp på nett der filmen blir omringa av tekst.

Så kva er produksjonforeløpet bak denne serien?

Lightroom 3
- crop
- kvitbalanse
- kontrastar
- grain-filter
- eksportert til 1024x768, res 300, limited file size 2000mb

iMovie
- krysstoning og kryssuskarpheit
- eksportert til .mov både i 768x576 og 1280x720. Dette programmet driv tydelegvis ikkje med 1024x768.


Å lage film på denne måten er det mest basic av the basic. Med tanke på den tida som eg har brukt til å sette saman desse bileta er eg blitt klar over at ein må sette av mykje tid til eit prosjektarbeid i skulen der sluttproduktet er ein film. Ein må tenkje at alt kan gå gale, for det er som regel tilfelle.

Å tenkje å lage film er ein meirverdi i seg sjølv. Film kan knyttast opp til det meste, og med eit marked som er lei fotografi kjem dei med opne armar mot dei glade filmfolk. Idag sel ein til og med stock-footage, her er ein nettbasert katalog som gjer nettopp dette johner.se.

Det handlar ikkje om det eine gode, fantastiske biletet lenger, no handlar det om seirar, å få vist fleire sider av same sak eller få tak i ei stemning ved å fouksere på ulike element. Derfor har mange fotografar i dag basert seg på bileteseriar, for å nærme seg filmmediumet som jo viser rundt 25 bileter i sekundet.

Å kunne bruke film for å lære elevar å grave etter relevant informasjon og sette den saman til eit heilheitsleg bilete - eller fleire, vil vere ei interessant vinkling. Elevane vil oppdage nye måtar å arbeide på, dei vil samarbeide på nye måtar og dei vil more seg, vere gira fordi dette er noko som dei kjenner seg igjen i. Dei får moglegheiten til å bruke metodar som er brukte i noko unge omgir seg med og ser opp til, media.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar