lørdag 19. november 2011

Å drukne i lister

Dei siste tre månadane har eg tilbragt som intern i eit biletebyrå, sida eg ikkje har noko fag eg underviser i eller har gjort så tek eg utgongspunkt i min noverande jobb.

Som ein del av mine arbeidsoppgåver lagar eg lister. Vi har ei database som er sortert i ca 30 ulike informasjonskapslar. Alle desse kapslane er hus med vindu som har den same informasjonen men som ikkje har dei same vindua, om de skjønar. Mine kapslar er kundar, sal, bilete og internett-trafikk. Alle desse listene hjelper meg å gjere jobben min som er å oppretthalde kontakten med kundar der eg finn den gamle informasjonen og oppdaterar med ny informasjon slik at mine kollegaer kan bruke den nye informasjonen til sine arbeidsoppgåver.

Desse listene som eg lagar og oppdaterar må heile tida vere oppdaterte. Rekneark er ein av verktøya eg brukar anten det er office, googledocs eller openoffice. Reknearka gjer meg moglegheiten til å vere effektiv, å kopiere og lime inn og kjapt kunne finne den nødvendige informasjonen eg treng. Å ha verdiane sortert i kolonner og rader i logiske formasjonar hjelper andre til å forstå systemet utan at eg må forklare i det vide og det breie. Databasen er og glad i rekneark om ein brukar den same logikken som denne har slik at ein enkelt kan ta ut og legge inn verdiar.

Erfaringsmessig ser eg at konsekvent bruk av dei same og få nøkkelord gjer det enkelt for andre og ein sjølv å hugse kva samanheng dei ulike vindua i huset har. Ein hugseregel er å tenkje at det kjem alltid andre etter deg, kan dei forstå logikken i reknearket ditt?

Korleis kan ein slik tankegong ved bruk av rekneark bli brukt i klasserommet? Når elevane har lært seg ein viss form for logikk vil reknearkarbeid hjelpe dei vidare til å sjå dei logiske samanhengane i alle fag dette på bakgrunn av at der finnest alltid ein form for logikk. Å sortere og sette informasjon opp i mot kvarandre slik at ein ser samanhengar og konsekvensar gjer det lettare å lære og undervise.

På den andre sida vil mykje bruk av rekneark i klasserommet gjere læringa kjedeleg og lite gøyal, utan å gå for mykje inn i psykologien er det eit faktum at barn ikkje er begeistra for slik tenkning og lærar best på andre måtar. Eg har ofte stunder på jobb der eg har lyst å putte inn svært ulogiske nøkkelord, rosa blomster og omorganisere vindu til spenstige kunstverk i listene og databasen, men eg held meg i skinnet, mine kollegaer kan jo risikere å sette teen i vrangstrupa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar