tirsdag 22. november 2011

Bruk øyra du fekk av mor









Lyd, no har eg sete i fleire minutt og fundert på kva det er for noko, eller kva det betyr for meg og korleis det kan brukast i ei klasse. Kanskje eg ikkje har tenkt lenge nok, men ingenting ligg og duvar i hjernebarken. Etter å ha tenkt dette er det besynderleg at eg ikkje har meir å seie om denne saka sidan lyd har ei så mykje større verknandskraft enn både bilete og tekst.

Hm, seier du. Lyden er ikkje det ein legg merke til, den appellerar til underbevisstheita, til det som er innanfor hjernebarken. Lyd byggjer opp stemninga i miljøet ein er i. Ein legg ikkje merkje til den før den stoppar, ikkje fungerar eller stemmer.

No til dømes sit eg på ein kafe. Folk pratar, kaffimaskinene går og musikken er i akkurat passe tempo. Om musikken var for høg eller sjangeren var country då hadde eg ikkje sete her lenge, og klientelet hadde vore eit heilt anna uansett om møblementet og maten var den same.

Sidan levande bilete tok over for radio innan mange felt har lyd mista den fokusen den eigentleg skulle hatt. Vi tilbring tid i eit samfunn som satsar hardt på bilete, produserar visuelle hotspots for å få merksemd både positivt og negativt. Er det slik i skulen og? Satsar lærarar mest på bilete og tekst for å påverke og undervise elevane?


2 kommentarer:

  1. Hei!
    Alltid artig å lese bloggen din.

    Som engelsklærar er det naturleg for meg å tenkje lyd i klasserommet, ikkje berre analog lyd i form av stemmer, men også digital lyd som skal føre til auka læringsutbytte hjå elevane. Tenk berre den enkle CD-plata med lyttetekstar eller lydboka som følgjer læreverket? Eit kompetansemål i engelsk etter 10.trinn er at eleven skal kunne: ..."gjenkjenne noen regionale aksenter fra engelskspråklige land" (Kunnskapsløftet, Udir 2006)
    Det er klart at ein som lærar sjølv skal vere rimeleg god i t.d. australsk, canadisk, britisk, skotsk, irsk og amerikansk engelsk for å klare å overføre denne talemåten til elevane. For ikkje snakke om å skilje mellom Geordie og Scouse, for å halde seg innanfor England. Litt enklare då å bruke digitale lydopptak med autentisk tale, kanskje? Kanskje ein til og med kan la elevane gjere sine eigne lydopptak og prøve å herme seg fram til nærast mogleg uttale? Då vert det kanskje også lettare å gjenkjenne desse regionale aksentane.

    Lyd kan vere så mangt. Arbeid med dialekter i samband med språk kan kanskje vere ein ting. Lydopptak i samband med naturfagprosjekt kan kanskje vere ein annan. Særlig er det vel naturleg å tenkje digitale lydopptak og til dømes Audacity i samband med musikkfaget- der det er ei klar målsetjing om at elevane både skal komponere og redigere musikk digitalt.

    SvarSlett
  2. Hei, bra det e artig:)

    Utruleg spesielt at læreplanen krevjar at ein skal høyre forskjellane på ulike engelske dialekter når sjølv eg som har tilbrakt tre månadar i London og eit år i wales ikkje høyre forskjell utanom aksentane til folk frå Georgia og India. Einaste eg har lagt merke til, kan hende eg har eit utruleg dårleg språkøyre, er Wales, Newcastle og tjukkaste London, og endå verre er det når eg ska gjengi desse undertrykte t-ane og r-ane, og der u blir ø. Det skal seiast at walisera e heilt umogleg å prate i telefon med, dei mumlar, snakkar utan å puste, om dei pustar så snakkar dei igjennom pusten, og om du spør om ein gjentagelse av dei nettopp sa så får du same ramsa opp igjen i same tempo på inn- og utpust. Det fine med walisera er når dei seier takk, då får du "tah" og gjerne eit "hun" slengt med.

    Om læreplanen meiner at elevane skal gjenkjenne det walisiske språket så seier eg berre good luck mate. Eg har lært at "ardal" betyr alkohol, veldig kjipt å befinne seg på stadar med store forbudtskilt der "ardal" er kryssa ut.

    SvarSlett