lørdag 29. oktober 2011

101 Tolking

Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere biletet. Gjorde ikkje det, brukte heller Adobe Lightroom - for å gjere det kjapt og enkelt. Uansett tok eg turen innom både Picasa og Picnik og sjekka ut kva programma hadde å by på. Picasa lanserte for nokre år tilbake ansiktsgjenkjenning. Programmet går igjennom alle bileta dine og samlar opp alle ansikta i katalogen. Jobben du må gjere er å sette namn på dei alle, men når det er gjort er det ein såre fryd å finne bilete av tante Oddlaug om det trengs. Storprogrammet Lightroom har ikkje denne funksjonen, noko som er eit leit faktum for alle dei med over 20 000 bilete i katalogen sin. Det finnest andre vegar å finne fram, men det skal seiast at å hugse om tante Oddlaug var med oss på hytta sommaren 2007, eller var i bursdag til vesle Elias, når du treng eit passeleg anstendig bilete i ei fart er ikkje ei lett sak.

Over til sjølve oppgåva, Ta eit bilete i breiddeformat der motivet er plassert på midten. Prøv deretter å plassere motivet i høve til tredjedelsregelen. På kven av bileta kom motivet mest til sin rett? Prøve det same med eit kvadratisk format. Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere biletet. Vil du seie at det kvadratiske formatet endrar måten å oppfatte biletet på sett i forhold til dei to plasseringane av hovudmotivet (midtstilling og tredjedelsregelen)?





I dette tilfellet kjem motivet mest til sin rett i midten av biletet. I tagningsaugeblikket har damene nettopp oppdaga meg og lurar på kva eg har i henda. Dei går nærare inntil kvarandre og følar seg truga. Greinene i sidene skapar ei dybde der auga går rett til damene. Greinene isolerar motivet, fangar dei der dei står så tett. Biletet fungerar og best i landskapsformat fordi plassen rundt damene gjer dei endå mindre og sårbare.

Å få med miljøet rundt damene, til og med dei gamle kleda nede til venstre er og var viktig. Det seier noko om kva slags område det er og atmosfære denne gata har. Det komponerte biletet er reinare i sin komposisjon, men det seier ikkje all verden, det er berre 'fint'.




Original bilete


Komponert bilete






Dei kvadratiske bileta er ein heilt anna sak. Om ein vel å croppe bileta sine frå rektangulært til kvadratisk skal ein ha ein god grunn til å gjere det. Å arbeide digitalt er heilt fantastisk, ein kan gjere kva som helst. For dei som framleis jobbar analogt er ingeting enkelt. Jobbar du med 120mm og 35mm film får du forskjellig utfall i format. Eit i kvardatisk form og eit i rektangulær form. Det ligg mange konnotasjonar bak desse to formata, deriblant kva slags type fotograf du er. Journalistfotografane brukte 35mm film kamera fordi desse var små og enkle å ta med seg. Filmrullane hadde og fleire eksponeringar og var billige. 120mm kamerane var og er framleis hakke dyrare om du skal ha eit som tek gode bilete. 120mm filmenrullen har berre 16 eksponeringar, men formatet og kvaliteten på bileta er betre enn 35mm filmrullane. Fotografane som brukte denne typen format var og er kunstnarar og motefotografar blant anna. Eit kamera som brukar 120mm er som regel stort og tungt. Ikkje veldig handy for dei som likar å gå å drage på kameraet i veska. 

Formaet har mykje å sei for motivet i biletet, dette gjeld og komposisjonen, men eg tenkjer ikkje så mykje på akkurat den biten når eg skal velgje format, det handlar meir om kva kamera eg vil bruke. 










Ein annan måte enn å plassere element i det gyldne snitt er å skape dybde. Dette er gjort i dømet ovanfor, her har eg berre brukt innstillingane på kameraet, stor blendaropning f/2.2 og rask lukkartid for å vege opp for lysmengda. Ein annan måte åfå same effekt er å bruke blur-tool i photoshop etc.




Fotografen Richard Page har brukt dette verkemiddelet i eit av sine prosjekt.


"The shallow focus lending the spaces the appearance of a model, where scale becomes deeply deceptive, a strange doubling takes place; reflecting an uncanny quality in which familiar territories become unfamiliar, at once real and certain but also unclear and deeply troubling" 


I linken nedanfor fortel Page vidare om sitt prosjekt om det 'uncanny landscape', der ein og kan sjå nokre av bileta han har teke og korleis han har brukt dybde for å poengtere sine teoriar. 


http://richardpagephotography.blogspot.com/p/what-we-already-know.html


Biletet eg valte frå nettet er ein del av ein serie kalla Closer av Elinor Carucci. Denne serien spinner rundt familien hennar, vennar og seg sjølv. Formatet er 35mm film.

Komposisjonen er bevisst satt opp. Interiøret er delt på midten, eit hotellrom med to av alt, likestilling. Er det likestilling mellom mor og datter? Nei, haldningane seier noko anna. Elinor skjuler seg for kameraet og mor, ho ventar på noko. Mor er meir reservert, trøytt, distanserar seg frå sitt 'spegel'.

Ikkje noko av relevans er i det gyldne snitt, noko som gjer biletet spanande. Auge må leite etter det vesentlege, det må vandre frå kropp til kropp, frå seng til seng, frå handklede til handklede. Den nesten spegelvente legg opp til at biletet skal vere kjedeleg og korrekt, men dynamikken i kroppane og blikket er ei flott kontrast og skapar noko. Spørsmålet som eg stiller meg sjølv er - Kvifor ville Elinor samanlikne seg sjølv med mor på denne måten?




"My mother and I in a hotel room, 1998" av Elinor Carucci





Mengden fotografar der ute er enorm og den blir berre større og større. Under har eg lista nokre av dei eg tykkjer er verdt å ta ein kjik på for inspirasjon og pure amazement. Enjoy!






















tirsdag 25. oktober 2011

Eg jobbar iherdig med å få ut dei faglege innlegga, i mellomtida vil eg dele ein liten sak som eg høyrte om på NRK nettradio i går. Arne Trageton fortalde om si forsking på barns skrivevanar. Han meinar barn ikkje bør lære å skrive for hand før i tredje klasse. Dei bør få bruke maskin og fokusere på innhald og oppbygging av ord og setningar før dei set seg ned og formar bokstavar.


Mi stilling til dette er om skriving for hand vil forsvinne om ein innførar dette i skulen. For kven vil vel lære den vanskelege måten når ein har lært den enkle måten? Kor blei skjønnskrifta av? Vi treng å kunne handskriving, elles blir vi for avhengige av teknologi, noko vi allereie er, men det er ein anna sak.

Her er link til ei oppgåve han har skreve http://www.iccp-play.org/documents/erfurt/trageton1.pdf.

Eg har prøvd å finne igjen diskusjonen på NRK sine sider, men ingen resultat. Elles ligg det nok fleire interessante tekstar der ute om ein kikar.


søndag 9. oktober 2011

Læring på nett




Under ligg fire nyttige læringsressursar som nyttar hypertekstualitet, multimodalitet og/eller interaktivitet.


http://www.nrk.no/skole/

NRK har laga seg ein skuleportal, framleis i beta-versjon, der ein kan lese, høyre og sjå ulike program om viktige personar, historiske hendelsar osv. Her kan elevar surfe sjølve for å leite etter det dei treng, og om dei vil kan dei delta i NRK-konkurransar aleine og klassevis.


http://www.gratisprogrammer.net/undervisning/

I min søken etter læringsressursar kom eg over denne snekka. Her kan ein laste ned gratisprogram for undervisning. Dei fleste er nok berre kompitable for windows, men kjære macbrukarar, google it.


http://www.kunnskap.no/
http://www.kunnskap.no/demo/basis4

Denne nettstaden baserar seg på digitale læremidler til Kunnskapsløftet. Demopakken Basis4 har 150 online spel som passar til bruk i norsk, engelsk, matematikk og naturfag.


http://ldd.lego.com/default.aspx

Eg kom over ein kjekke sak til, denne er ei lenkje til eit lego-designprogram. Barna kan lage sine eigne bilar, hus og båtar på pcen.











Framtidas slutt eksisterte frå før


http://www.stickycomics.com/where-do-you-get-your-ideas/

Når bør elevar vere bevisste på kva som er gode kjelder og henvise til desse? Korleis få dei til å forstå forskjellane på andres arbeid, eige arbeid? Når er ein inspirert og når er ein rett og slett ein copycat?

Med utgongspunkt i meg sjølv og mitt læringsforløp fann eg ofte tekstar andre hadde skreve og skreiv dei om med mine eigne ord. Dette i seg sjølv er jo ikkje gale, men manglande referanse satte heile teksta litt på grensa til det ulovlege. På den tida var eg redd for at læraren skulle finne ut at eg ikkje hadde funne på dette sjølv, eg var redd for at han eller ho skulle lese igjennom originalteksta, legge saman to og to og sjå at dette ikkje var mitt arbeid. Eg hadde ikkje lært at det var heilt vanleg å bruke kjelder, og endå meir vanleg å ikkje ha lov til å ha eigne meiningar viss ein ikkje kunne henvise til nokre andre som hadde same konklusjon. 

Eg veit ikkje hvilket klassetrinn ein forklarar elevane sine i dag korrekt kjeldehenvisning og at det er heilt greitt å bruke andre sine meiningar. Eg blei forklart at ein ikkje skulle kopiere frå andre, alt ein skreiv skulle komme frå ein sjølv, dette lærte eg i 10. klasse, men det var 1. året på vidaregåande at eg skjønte rett og gale.  

Ein av dei første oppgåvene på Media og Kom. på Firda var å skrive eit kåseri på ei side om kva vi ville bli når vi blei store. Eg hugsar ikkje kva eg skreiv, synd er det. Halvvegs spør sidemannen min om eg kan lese igjennom og sjå om eg såg skrivefeil og om eg likte den. Kåseriet var kjempebra svarte eg og gjekk tilbake til mitt eige arbeid. Eg var ikkje heilt ferdig, slutten var framleis eit mysterium men no hadde eg fått svaret. Sidemannen min hadde ein så artig slutt at eg baka den inn i mi framtid og. Ho leste over sidan eg hadde lest hennar, men reaksjonen var ikkje god. Eg forsto ingenting, var der så mange feil? Læraren kom bort, sidemannen min fortalde henne at eg hadde same ending som ho. Ja, sa eg, er det gale då?

Etter dette forsto eg at ein kopierte ikkje frå andre på den måten, uansett kor bra det måtte vere. Idag bør ein lære seg korrekt kjeldebruk tidleg, dvs hvertfall før vidaregåande. Dette er ei påstand, men den ligg på god grunn. Det er vel allment kjent at dei fleste elevar har meir tilgong til verda og kjelder via nettet i dag enn før. 


________________________________


http://2010.arkiv.ndla.no/nb/node/6738/menu608









Samskriving

Frå: stickycomics.com

Samskriving,
skrive saman,
saman om ein tekst,
tekst skapt ilag,
lagarbeid,
arbeid skapt saman,
samarbeid.



"-Samtidig kan det å skrive sammen med andre være motiverende for aktiv læring. Elevene vil også kunne se teksten innenfra, fordi de skaper noe, samtidig som de kan diskutere språklige fenomener, sier Eritsland"(Amli:2008)*. 

Kåre Amli skreiv i ein artikkel til forskning.no om fordelane ved å la elevar skrive saman. Den klart største fordelen ved å arbeide slik er forbereiinga til arbeid seinare i livet. Å jobbe i team der ein har respekt for andre meiningar og kan tilpasse sine eigne i ulike situasjonar. Etter å ha studert i Wales i eit år vart det tydeleg kor mykje Noreg har satsa på samarbeid i skulen. Eg er 89-modell og L97 har sett sine preg på meg. Mine medstudentar ved universitetet i Wales hadde og har framleis store problem med å samarbeide i grupper. Mine tidlegare medstudentane fortalde sjølv at det ikkje var noko stort fokus på samarbeid i skulen. I gruppearbeid brukte vi lang tid på å blant anna avtale møtetider, delegere arbeid og roller, og å diskutere og ta opp ulike saker i gruppa. Kompromiss og initiativtaking for felleskapet var mangelvare. 

For nyutdanna i UK vil samarbeidskulturen vere eit slag i trynet den første veka i draumejobben, men det er sjølvsagt viktig å kunne stå på eigne bein, derfor bør ikkje samskriving ta all tid i til dømes faget norsk, men vere ein del av det. Ein forskar ved namn Middelfart laga ein powerpoint* i 2009 der det er lagt fram negative punkt ved samskriving, ei av dei er usakleg tilbakemeldingar på setningsoppbygging og stavefeil, som til dømes - for ei rar setning du skreiv no. Ut i frå det eg ser er formålet med samskriving å gjere elevane obs på korleis å omformulere slike usaklege kommentarar og etterkvart lære å respektere kvarandre, og seinare dra nytte av dette i arbeidslivet. 



__________________________________________________

Kjelder:

*Amli, Kåre: publisert 04.06.2008. http://www.forskning.no/artikler/2008/mai/183097 - besøkt 11.11.2011.


* Middelfart - http://www.sdu.dk/, 2009: http://www.google.co.uk/url?sa=t&rct=j&q=samskriving%20negative&source=web&cd=1&sqi=2&ved=0CBcQFjAA&url=http%3A%2F%2Fwww.sdu.dk%2F~%2Fmedia%2FFiles%2FOm_SDU%2FInstitutter%2FIfpr%2FKonferencer%2FNOFA%2FPraesentationer%2FAlferitsland.ashx&ei=HHS8Tv-nNcSg4gSEhryABA&usg=AFQjCNFndRcndVPbAGcfRrFzvLrVOEY7yA - besøkt 11.11.2011