lørdag 10. desember 2011

The failure wall


For å avslutte dette året med intensiv læring rundt det å lære, så tykkjer eg det er viktig å lese dette innlegget av Jeff Stibel. Han skriv om å feile.



http://blogs.hbr.org/cs/2011/12/why_i_hire_people_who_fail.html

fredag 2. desember 2011

Til det bedre eller det verre?


Eit døme, du er ny i ei bedrift eller organiasjon. Du ser forbetringspotensiale overalt. Du tenkjer med ein gong du har ei rolle som kan bety mykje for firmaet si framtid, og klekker ut fantastiske nye måtar a gjere ting på som vil gagne firmaet sitt rykte, økonomi, produkt og arbeidsplass. Du legg fram nokre idear til sjefen og tenkjer no blir det fart på sakene.

"Nei - vi gjer det ikkje slik her, har ikkje du fulgt med paa det som har vore sagt og vist til deg?"

Verda er i stadig utvikling, og om denne sjefen forventar aa kunne halde paa det same gamle heilt til han gaar av med pensjon, daa ender han nok opp med aa gaa av paa ein litt anna maate enn planlagt.

Knoster, Vila og Thousand har forska paa kva som hindrar skular for aa utvikle seg. Under har dei sett resultatet inn i ein tabell for å vise alle elementa som bør vere med i ei utvikling og kva som skjer når ein eller fleire manglar.


frå http://www.upassoc.org/upa_publications/jus/2011february/hocko5.html


Uti frå denne tabellen vil eg seie at sjefen sitter for godt til å trenge å tenkje på forandring, han vil ikkje sjå visjonen eller fordelane. Han ser ikkje behovet med å tileigne seg nye ferdigheitar og skaffe nye ressursar eller bruke dei gamle på nye måtar. Og sjølv om hans ansatte vil ha forandring så vil det ikkje skje noko før dei har ein slagplan, men ingen slagplan om sjefen ikkje er med.

Organisasjonar, bedrifter og ikkje minst skular er forskjellige. Modellen ovanfor synest eg vil vere eit godt verktøy for å sjå kor det gnagar og korleis ein kan takle problemet.







tirsdag 29. november 2011

Fleire kommentarar

 Kommentar til Rannveig om Tidsperspektiv.

http://margitstudieblog.blogspot.com/2011/11/skoleutvikling.html#comment-form


Kommentar til Kjelstad om lærara vs elevar på Facebook.

http://kjelstad.blogspot.com/2011/11/omsyn.html?showComment=1322577533207#c3884082793714746661


Kommentar til John og hans kontrollregime.

http://johnstrand.blogspot.com/2011/11/kontrollregimet-som-skolen-er-utsatt.html?showComment=1322923554078#c2382861874113207987

Kommentar til Kristin sitt syn på strategi og digital kompetanse.

http://kristinty.blogspot.com/2011/11/strategi.html?showComment=1322922004921#c1034847220172590790


Kommentar til Kristin og akademisk referering.

http://kristinty.blogspot.com/2011/11/digital-plattform.html?showComment=1322925381418#c1817769420499056833

Kommentar til Kjelstad og rekneark.

http://kjelstad.blogspot.com/2011/11/rekneark-ein-metode-for-implementere.html?showComment=1322926492001#c4896010437888509121

Kommentar til Bjørg og lyden hennar.

http://bjormor.blogspot.com/2011/11/gjett-lyden.html?showComment=1322927238144#c8863844791896141279

Kommentar til Lone og hennar bileteserie.

http://skavlone.blogspot.com/2011/10/bildefortelling-en-dag-pa-norges.html?showComment=1322928078541#c5202716555752464132

Kommentar til Lone og gratisprogram.

http://skavlone.blogspot.com/2011/10/er-det-riktig-flge-gratisprinsippet-i.html?showComment=1322928743516#c4955922812284532451

Kommentar til Ellenda og samskriving.

http://ellendah.blogspot.com/2011/10/samskriving-og-elev-elev-vurdering.html?showComment=1322929950760#c2288639406753328405

tirsdag 22. november 2011

Foreldre, born og sensitiv bruk av bikinibileter


frå stickycomics.com


"Retten til å bestemme om et fotografi kan publiseres tilhører altså fotografen. Det vanligste
er at det er fotografen som ønsker å publisere bildet. Er det da personen(e) i bildet som er
hovedsaken, er det personen(e) som avbildes som har siste ord. I skolesammenheng vil dette
ofte si at det er foreldrene som har siste ord. Gjennom å overføre fra generell rettspraksis i
Norge kan vi si at det går en "tommelfingerregel"-grense ved 15 år for når elevene selv kan
forvalte sine egne personopplysninger"(Antvort, 2011).

I min familie er det speilrefleksar pressa inn i hyller  og innerst på bord i anledning bursdagsselskap, julemiddagar og andre samankomstar. Blitsen går i eitt og borna dansar som ville dyr med pølsa i kjeften og ketchup på fingrane. Det hender eg får nokre fine, fine augeblikk som eg gjerne vil bruke i seinare arbeid og det har hendt at eg har publisert fotografi av mine søsken på nettsamfunn som er dedikerte til kunst, fotografi og design.

I eit ettermæle fekk eg refs av ei av mine mange mødre om å slette biletet. Ho meinte at no kan kven som helst sjå dette biletet og bruke det til kva som helst utan at eg veit det. Dette er heilt riktig, men kva er sannsynlegheita? Ho ser sikkert føre seg ein slu, ekkel mann med bart som bur i Peru og har ein usunn fascinasjon for born og unge. Eg gjentar, kva er sannsynlegeheita for at denne mannen brukar eit bilete av mine søsken til 'kva som helst'?

Ein bør heller tenkje på det samfunnet ein lever i og omgjer seg med kvar dag. Den sosiale gruppa eg held lag med på nettet har i liten grad peiling på kvar eg er i frå og dei eg kjenner der. I diskusjonen som oppsto i mellom mor nr to og meg drog eg fram lokalavisa som argument. I den bakre delen av avisa er der ei spalte med bursdagshelsingar. Dei fleste av desse helsingane er til born. I tekstane står det sjølvsagt alder, kva dei heiter, kven som helsar og gjerne kvar bursdagsselskapet skal haldast. Til slutt er det lagt ved eit bilete. Som sydenglade nordmenn reiser vi som oftast på ferie til varmare strøk, og når veiret er bra smilar vi frå øyre til øyre. Når ein leitar igjennom filene på maskina fin ein derfor dei breidaste smila frå feriemappa. Ikkje uvanleg finn ein bilete av bursdagsborna i berre bikini eller badeshorts trykt med namn, alder og bustad.

Er det ikkje større sjanse for at eit barn blir kidnappa på veg til skulen av ein lokal kjent enn at eit skarva bilete blir brukt av ein mann frå Peru?

Med dette i tankane kan ein ta føre seg skulane sine sider, der mange deler bilete av skuleturar osv for å vise borna til stolte foreldre og familie. Ein av skulane frå mi heimbygd opererar denne sida. Her finn ein både informasjon og bilete. Sannsynlegheita for at ein utanforståande kjem til å bruke innhald frå denne sida er svært liten. Nokon i lokalsamfunnet kan, dei vil ha kunnskap om skulen og kjenner sikkert fleire familiar, personale og elevar. Det er desse skumle individa ein bør vere obs på, dei som lever i smug i eit samfunn vi kjenner så godt.

Skular bør ikkje legge ut informasjon som Raudeberg Skule har gjort, eg meinar det bør vere eit lukka samfunn der personale og familiane som har elevar ved skulen har tilgong, tross alt det angår ingen andre enn desse partane.

Som oppsummering vil eg seie at dette var ein skikkeleg 'wordwommit', men tenk lokalsamfunn og internett, ikkje heile verda og internett.

PS, eg har med vilje ikkje brukt mamma- og pappabloggar som døme fordi det gjer meg berre sint.



____________________________________________________________________

Antvort, Kjell 2011: DKL 101 leksjon -  Hensyn

https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/136848397$577341605$/RomArkiv/Uke+47_prcent_3A+Hensyn/DKL101_Hensyn_h11.pdf - besøkt 22.11.2011

Raudeberg Skule

http://www.raudebergskule.no/index.htm - besøkt 22.11.2011

Bruk øyra du fekk av mor









Lyd, no har eg sete i fleire minutt og fundert på kva det er for noko, eller kva det betyr for meg og korleis det kan brukast i ei klasse. Kanskje eg ikkje har tenkt lenge nok, men ingenting ligg og duvar i hjernebarken. Etter å ha tenkt dette er det besynderleg at eg ikkje har meir å seie om denne saka sidan lyd har ei så mykje større verknandskraft enn både bilete og tekst.

Hm, seier du. Lyden er ikkje det ein legg merke til, den appellerar til underbevisstheita, til det som er innanfor hjernebarken. Lyd byggjer opp stemninga i miljøet ein er i. Ein legg ikkje merkje til den før den stoppar, ikkje fungerar eller stemmer.

No til dømes sit eg på ein kafe. Folk pratar, kaffimaskinene går og musikken er i akkurat passe tempo. Om musikken var for høg eller sjangeren var country då hadde eg ikkje sete her lenge, og klientelet hadde vore eit heilt anna uansett om møblementet og maten var den same.

Sidan levande bilete tok over for radio innan mange felt har lyd mista den fokusen den eigentleg skulle hatt. Vi tilbring tid i eit samfunn som satsar hardt på bilete, produserar visuelle hotspots for å få merksemd både positivt og negativt. Er det slik i skulen og? Satsar lærarar mest på bilete og tekst for å påverke og undervise elevane?


lørdag 19. november 2011

The Cloud

Frå http://www.daveksmith.com/blog/2011/6/13/the-cloud-via-xkcd.html



"Cloud computing comes into focus only when you think about what IT always needs: a way to increase capacity or add capabilities on the fly without investing in new infrastructure, training new personnel, or licensing new software" (Knorr & Gruman). Knorr og Gruman prøvar å beskrive kva cloud computing er for noko. Det er ei form for internetteknologi som gjer deg moglegheit til å arbeide og ha tilgong til den same informasjonen uansett kor ein er i verda fordi program og innhald ligg på ein server. 


Det høyrest så fint ut, å kunne gje i frå seg IKT-ansvaret til noko som har peiling. Men desse vil vere langt vekke, og kva gjer ein om det skjer eit uhell internt eller eksternt? Bør skulen sette sin lit til noko ein ikkje heilt veit konsekvensane av endå? 


Eg ser føre meg at denne teknologien er framtida, spesielt når eg ser slike prosjekt som dette her. Eg synest imidlertid ikkje at skulane skal vere nokre av dei første som hoppar. Eg trur ikkje dei fleste skular har kompetanse nok til å kunne hoppe endå. Det er betre å lære av feila til andre først. 





-------------------------------------------------------

Innovasjonnorge.no

http://www.innovasjonnorge.no/Kontorer-i-Norge/Sogn-og-Fjordane1/Nyhende/Signering-av-avtale-med-IBM-om-Noregs-gronaste-datasenter-i-Lefdal-Gruve-Folg-pa-nett-kl-1030/- besøkt 19.11.2011

Knorr, Eric og Galen Gruman: What cloud computing really means. Infoworld.com.
http://www.infoworld.com/d/cloud-computing/what-cloud-computing-really-means-031- besøkt 19.11.2011.

Å drukne i lister

Dei siste tre månadane har eg tilbragt som intern i eit biletebyrå, sida eg ikkje har noko fag eg underviser i eller har gjort så tek eg utgongspunkt i min noverande jobb.

Som ein del av mine arbeidsoppgåver lagar eg lister. Vi har ei database som er sortert i ca 30 ulike informasjonskapslar. Alle desse kapslane er hus med vindu som har den same informasjonen men som ikkje har dei same vindua, om de skjønar. Mine kapslar er kundar, sal, bilete og internett-trafikk. Alle desse listene hjelper meg å gjere jobben min som er å oppretthalde kontakten med kundar der eg finn den gamle informasjonen og oppdaterar med ny informasjon slik at mine kollegaer kan bruke den nye informasjonen til sine arbeidsoppgåver.

Desse listene som eg lagar og oppdaterar må heile tida vere oppdaterte. Rekneark er ein av verktøya eg brukar anten det er office, googledocs eller openoffice. Reknearka gjer meg moglegheiten til å vere effektiv, å kopiere og lime inn og kjapt kunne finne den nødvendige informasjonen eg treng. Å ha verdiane sortert i kolonner og rader i logiske formasjonar hjelper andre til å forstå systemet utan at eg må forklare i det vide og det breie. Databasen er og glad i rekneark om ein brukar den same logikken som denne har slik at ein enkelt kan ta ut og legge inn verdiar.

Erfaringsmessig ser eg at konsekvent bruk av dei same og få nøkkelord gjer det enkelt for andre og ein sjølv å hugse kva samanheng dei ulike vindua i huset har. Ein hugseregel er å tenkje at det kjem alltid andre etter deg, kan dei forstå logikken i reknearket ditt?

Korleis kan ein slik tankegong ved bruk av rekneark bli brukt i klasserommet? Når elevane har lært seg ein viss form for logikk vil reknearkarbeid hjelpe dei vidare til å sjå dei logiske samanhengane i alle fag dette på bakgrunn av at der finnest alltid ein form for logikk. Å sortere og sette informasjon opp i mot kvarandre slik at ein ser samanhengar og konsekvensar gjer det lettare å lære og undervise.

På den andre sida vil mykje bruk av rekneark i klasserommet gjere læringa kjedeleg og lite gøyal, utan å gå for mykje inn i psykologien er det eit faktum at barn ikkje er begeistra for slik tenkning og lærar best på andre måtar. Eg har ofte stunder på jobb der eg har lyst å putte inn svært ulogiske nøkkelord, rosa blomster og omorganisere vindu til spenstige kunstverk i listene og databasen, men eg held meg i skinnet, mine kollegaer kan jo risikere å sette teen i vrangstrupa.

tirsdag 15. november 2011

Forhandlingsbarnet




Forhandlingsbarnet, det er meg det.

"alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt 
fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring" vert det sagt i kapitel 9a i opplæringsmiljølova (2010). 

"Begrepet «forhandlingsbarna» er uttrykk for et moderne syn på barn innenfor familien, der barn på demokratisk vis blir hørt på og tatt hensyn til. Synet på barn som selvstendige individer gjenspeiles i FNs barnekonvensjon, der barns rett til medvirkning og deltakelse er blant hovedprinsippene"(Stor.mld.nr.39:2001-2002).

Forhandlingsbarnet er eit nytt begrep for meg, men innhaldet i begrepet gjenspeglar både meg og mine søsken. Vi får vere med og ta val i familiesamanhengar og blir alle høyrt. Vi har og lært at ein kan ikkje få viljen sin alltid, tenk på dei andre og. Eg kan desverre ikkje lenkje forhandlingsbarnet til klasserommet, fordi eg ikkje har noko kjennskap til det utanom kva eg sjølv opplevde som elev. 

"Det kompetente forhandlingsbarnet er først og fremst dyktig på grunn av sin evne til å finne gode argumenter som kan overbevise voksne om at deres interesser bør få gjennomslag"(Bungum, 2008:23).


I klassa mi var der alltid nokre som trengde merksemd og gjorde alt for nå målet. Stygge kommentarar, leksenekt osv var vanleg. I slike situasjonar gjorde lærarane ikkje mykje anna enn å oversjå eller ta vedkommande ut på gongen. Forhandling var der ikkje mykje av, om det forekom vart mesteparten av fokuset i timen brukt til dette. Korleis få eleven til å sjå kor grensa går? 

Eg veit ikkje. Ein ting eg er sikker på, mobilen har ingenting i eit klasserom å gjere utanom ved bruk av skulerelaterte applikasjonar. Sjølv om nokre elevar kanskje påstår at det hjelper på det fysiske og psykososiale miljøet.









-------------------------------------------------------------------------------

Bungum, Brita: 2008. Barndommens tid og foreldres arbeidsliv. 


Opplæringsmiljølova: 2010. Elevane sitt skulemiljø kapitel 9. http://www.udir.no/Laringsmiljo/Laringsmiljo/Veileder-til-opplaringsloven-kapittel-9a--elevenes-skolemiljo/Elevane-sitt-skulemiljo/ - besøkt 15.11.2011

Stor.mld.nr.39:2001-2002. http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/regpubl/stmeld/2001-2002/stmeld-nr-39-2001-2002-/2/3.html?id=470913 - besøkt 15.11.2011

Kjør film "Å vakne"




Denne filmen heiter Å vakne. Den handlar om å vakne til ein ny dag, i eit kaldt rom med ei sol som skin.

Ein serie bilete samansett til ein film på minst to minutt. Det høyrtest så enkelt ut. Eg har gløymt kor tidkrevjande det er å ikkje berre lage filmen, men å vere sikker på at den ser bra ut i dei ulike nettverka ein vil ha dei i. Samtidig ser eg alltid noko nytt som må forandrast på, som eg kanskje brukte altfor lang tid på å sette inn i utgongspunktet.

Og kven pustar og brekar mens eg prøvar å jobbe? Maskina sjølvsagt.

Eg prøvde å lage ein fotoseire i Picasa, men fann fort ut at dei effektane eg leita forgjeves etter ikkje var så enkle å finne. Derfor kraup eg tilbake til iMovie og jobba der i frå. Eg har uansett lasta opp filmen i nettalbumet mitt i Picasa, men eg har og lagt den ut på denne nettstaden kalla Vimeo.

Filmen har ikkje noko soundtrack, noko som hadde vore veldig fint, kunne løfta stemninga meir, men tid er tid. Den har heller ikkje noko tekst. Det er ikkje nødvendig når formålet er å lasta den opp på nett der filmen blir omringa av tekst.

Så kva er produksjonforeløpet bak denne serien?

Lightroom 3
- crop
- kvitbalanse
- kontrastar
- grain-filter
- eksportert til 1024x768, res 300, limited file size 2000mb

iMovie
- krysstoning og kryssuskarpheit
- eksportert til .mov både i 768x576 og 1280x720. Dette programmet driv tydelegvis ikkje med 1024x768.


Å lage film på denne måten er det mest basic av the basic. Med tanke på den tida som eg har brukt til å sette saman desse bileta er eg blitt klar over at ein må sette av mykje tid til eit prosjektarbeid i skulen der sluttproduktet er ein film. Ein må tenkje at alt kan gå gale, for det er som regel tilfelle.

Å tenkje å lage film er ein meirverdi i seg sjølv. Film kan knyttast opp til det meste, og med eit marked som er lei fotografi kjem dei med opne armar mot dei glade filmfolk. Idag sel ein til og med stock-footage, her er ein nettbasert katalog som gjer nettopp dette johner.se.

Det handlar ikkje om det eine gode, fantastiske biletet lenger, no handlar det om seirar, å få vist fleire sider av same sak eller få tak i ei stemning ved å fouksere på ulike element. Derfor har mange fotografar i dag basert seg på bileteseriar, for å nærme seg filmmediumet som jo viser rundt 25 bileter i sekundet.

Å kunne bruke film for å lære elevar å grave etter relevant informasjon og sette den saman til eit heilheitsleg bilete - eller fleire, vil vere ei interessant vinkling. Elevane vil oppdage nye måtar å arbeide på, dei vil samarbeide på nye måtar og dei vil more seg, vere gira fordi dette er noko som dei kjenner seg igjen i. Dei får moglegheiten til å bruke metodar som er brukte i noko unge omgir seg med og ser opp til, media.












torsdag 10. november 2011

Den digitale livslinja


Frå: Dropbox.com



Digital kompetanse, ein kompetanse som er digital - eller fleire? Ein kompetanse av dei mange digitale ein lærar bør ha er å vere på same nivået som elevane, å vere på nett. Krumsvik meiner at ein må vere trygg og kompetent vedrøyrande IKT ovanfor elevane sine. Å ikkje forstå ein elev fordi eleven snakkar over hovudet på ein kan ikkje vere særleg hyggeleg. Samtidig om læraren er utrygg vil nokre elevar gjenspegle dette. Kjennskap til ein elev sin digitale bruk i kvardagen vil vere nyttig for å belyse både kva som er der ute og kva konsekvensar diverse handlingar på nettet kan føre til.

Her er det sjølvsagt sikta til sosiale medier, facebook, twitter, tumblr og andre blogg-plattformer. Eg inkluderar meg sjølv når eg seier at ein ofte legg ut informasjon om seg sjølv og gløymer at det eksisterar. 
Slettmeg.no er ein nettstad som både vil hjelpe og gjere unge betre bevisst på sin bruk av eigen og andres informasjon. 

Lærarar bør ha denne typen digital kompetanse for å kunne bistå elevane sine, om ikkje anna til å henvise dei til ei side som slettmeg.no. Som det står i den generelle delen av lærarplanen*:

- Konkret kunnskap om menneske, samfunn og natur som kan gi overblikk og perspektiv.

- Kyndighet og modenhet for å møte livet - praktisk, sosialt og personlig. 

- Egenskaper og verdier som letter samvirket mellom mennesker og gjør det rikt og spennende for dem å leve sammen.


Å fungere i samfunnet krevar idag at ein har kunnskap om sosiale normer på nett og greier å nytte denne på ein vettug måte. Under er nokre av dei plattformene eg har vore innom opp igjennom åra. Om ein er interessert kan ein stikke innom wikipedia si liste over sosiale media *social_networking_websites. Ver obs på at nokre av desse kan ha svært tvilsamt innhald... Utruleg interessant å sjå sjølv kvar eg har lagt igjen mine spor sjølv om denne lista langt i frå er fullstendig. 

Kunne det vore interessant å få elevar til å lage ei slik liste og deretter reflektere over kva desse ulike plattformene inneheld og kva rolle ein har som deltakar?



Facebook
Twitter
Tumblr
Blogg.no
Blogspot.com
Blog.com
Nettby (nedlagt 2010)
Blink (nedlagt 2011)
Wordpress
NRKsuper
NRK
Youtube
Wikipedia
Myspace
LinkedIn
Flickr
StumbleUpon
Vimeo
ZooTool
DeviantArt
Chat.no
Popit.no
Jippii.cc
chatroulette.com
Skype
MSN
iChat
Dropbox
Diskusjon.no
Dagbladet
Aftenposten
Google+




_______________________________________________________

Kjelder

Krumsvik, R. (2007) Digital kompetanse i kunnskapsløftet. Krumsvik, R. (red) Skulen og den digitale læringsrevolusjonen (2007:64). Oslo: Universitetsforlaget












lørdag 29. oktober 2011

101 Tolking

Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere biletet. Gjorde ikkje det, brukte heller Adobe Lightroom - for å gjere det kjapt og enkelt. Uansett tok eg turen innom både Picasa og Picnik og sjekka ut kva programma hadde å by på. Picasa lanserte for nokre år tilbake ansiktsgjenkjenning. Programmet går igjennom alle bileta dine og samlar opp alle ansikta i katalogen. Jobben du må gjere er å sette namn på dei alle, men når det er gjort er det ein såre fryd å finne bilete av tante Oddlaug om det trengs. Storprogrammet Lightroom har ikkje denne funksjonen, noko som er eit leit faktum for alle dei med over 20 000 bilete i katalogen sin. Det finnest andre vegar å finne fram, men det skal seiast at å hugse om tante Oddlaug var med oss på hytta sommaren 2007, eller var i bursdag til vesle Elias, når du treng eit passeleg anstendig bilete i ei fart er ikkje ei lett sak.

Over til sjølve oppgåva, Ta eit bilete i breiddeformat der motivet er plassert på midten. Prøv deretter å plassere motivet i høve til tredjedelsregelen. På kven av bileta kom motivet mest til sin rett? Prøve det same med eit kvadratisk format. Ta i bruk Picnik eller Picasa til å beskjere biletet. Vil du seie at det kvadratiske formatet endrar måten å oppfatte biletet på sett i forhold til dei to plasseringane av hovudmotivet (midtstilling og tredjedelsregelen)?





I dette tilfellet kjem motivet mest til sin rett i midten av biletet. I tagningsaugeblikket har damene nettopp oppdaga meg og lurar på kva eg har i henda. Dei går nærare inntil kvarandre og følar seg truga. Greinene i sidene skapar ei dybde der auga går rett til damene. Greinene isolerar motivet, fangar dei der dei står så tett. Biletet fungerar og best i landskapsformat fordi plassen rundt damene gjer dei endå mindre og sårbare.

Å få med miljøet rundt damene, til og med dei gamle kleda nede til venstre er og var viktig. Det seier noko om kva slags område det er og atmosfære denne gata har. Det komponerte biletet er reinare i sin komposisjon, men det seier ikkje all verden, det er berre 'fint'.




Original bilete


Komponert bilete






Dei kvadratiske bileta er ein heilt anna sak. Om ein vel å croppe bileta sine frå rektangulært til kvadratisk skal ein ha ein god grunn til å gjere det. Å arbeide digitalt er heilt fantastisk, ein kan gjere kva som helst. For dei som framleis jobbar analogt er ingeting enkelt. Jobbar du med 120mm og 35mm film får du forskjellig utfall i format. Eit i kvardatisk form og eit i rektangulær form. Det ligg mange konnotasjonar bak desse to formata, deriblant kva slags type fotograf du er. Journalistfotografane brukte 35mm film kamera fordi desse var små og enkle å ta med seg. Filmrullane hadde og fleire eksponeringar og var billige. 120mm kamerane var og er framleis hakke dyrare om du skal ha eit som tek gode bilete. 120mm filmenrullen har berre 16 eksponeringar, men formatet og kvaliteten på bileta er betre enn 35mm filmrullane. Fotografane som brukte denne typen format var og er kunstnarar og motefotografar blant anna. Eit kamera som brukar 120mm er som regel stort og tungt. Ikkje veldig handy for dei som likar å gå å drage på kameraet i veska. 

Formaet har mykje å sei for motivet i biletet, dette gjeld og komposisjonen, men eg tenkjer ikkje så mykje på akkurat den biten når eg skal velgje format, det handlar meir om kva kamera eg vil bruke. 










Ein annan måte enn å plassere element i det gyldne snitt er å skape dybde. Dette er gjort i dømet ovanfor, her har eg berre brukt innstillingane på kameraet, stor blendaropning f/2.2 og rask lukkartid for å vege opp for lysmengda. Ein annan måte åfå same effekt er å bruke blur-tool i photoshop etc.




Fotografen Richard Page har brukt dette verkemiddelet i eit av sine prosjekt.


"The shallow focus lending the spaces the appearance of a model, where scale becomes deeply deceptive, a strange doubling takes place; reflecting an uncanny quality in which familiar territories become unfamiliar, at once real and certain but also unclear and deeply troubling" 


I linken nedanfor fortel Page vidare om sitt prosjekt om det 'uncanny landscape', der ein og kan sjå nokre av bileta han har teke og korleis han har brukt dybde for å poengtere sine teoriar. 


http://richardpagephotography.blogspot.com/p/what-we-already-know.html


Biletet eg valte frå nettet er ein del av ein serie kalla Closer av Elinor Carucci. Denne serien spinner rundt familien hennar, vennar og seg sjølv. Formatet er 35mm film.

Komposisjonen er bevisst satt opp. Interiøret er delt på midten, eit hotellrom med to av alt, likestilling. Er det likestilling mellom mor og datter? Nei, haldningane seier noko anna. Elinor skjuler seg for kameraet og mor, ho ventar på noko. Mor er meir reservert, trøytt, distanserar seg frå sitt 'spegel'.

Ikkje noko av relevans er i det gyldne snitt, noko som gjer biletet spanande. Auge må leite etter det vesentlege, det må vandre frå kropp til kropp, frå seng til seng, frå handklede til handklede. Den nesten spegelvente legg opp til at biletet skal vere kjedeleg og korrekt, men dynamikken i kroppane og blikket er ei flott kontrast og skapar noko. Spørsmålet som eg stiller meg sjølv er - Kvifor ville Elinor samanlikne seg sjølv med mor på denne måten?




"My mother and I in a hotel room, 1998" av Elinor Carucci





Mengden fotografar der ute er enorm og den blir berre større og større. Under har eg lista nokre av dei eg tykkjer er verdt å ta ein kjik på for inspirasjon og pure amazement. Enjoy!






















tirsdag 25. oktober 2011

Eg jobbar iherdig med å få ut dei faglege innlegga, i mellomtida vil eg dele ein liten sak som eg høyrte om på NRK nettradio i går. Arne Trageton fortalde om si forsking på barns skrivevanar. Han meinar barn ikkje bør lære å skrive for hand før i tredje klasse. Dei bør få bruke maskin og fokusere på innhald og oppbygging av ord og setningar før dei set seg ned og formar bokstavar.


Mi stilling til dette er om skriving for hand vil forsvinne om ein innførar dette i skulen. For kven vil vel lære den vanskelege måten når ein har lært den enkle måten? Kor blei skjønnskrifta av? Vi treng å kunne handskriving, elles blir vi for avhengige av teknologi, noko vi allereie er, men det er ein anna sak.

Her er link til ei oppgåve han har skreve http://www.iccp-play.org/documents/erfurt/trageton1.pdf.

Eg har prøvd å finne igjen diskusjonen på NRK sine sider, men ingen resultat. Elles ligg det nok fleire interessante tekstar der ute om ein kikar.


søndag 9. oktober 2011

Læring på nett




Under ligg fire nyttige læringsressursar som nyttar hypertekstualitet, multimodalitet og/eller interaktivitet.


http://www.nrk.no/skole/

NRK har laga seg ein skuleportal, framleis i beta-versjon, der ein kan lese, høyre og sjå ulike program om viktige personar, historiske hendelsar osv. Her kan elevar surfe sjølve for å leite etter det dei treng, og om dei vil kan dei delta i NRK-konkurransar aleine og klassevis.


http://www.gratisprogrammer.net/undervisning/

I min søken etter læringsressursar kom eg over denne snekka. Her kan ein laste ned gratisprogram for undervisning. Dei fleste er nok berre kompitable for windows, men kjære macbrukarar, google it.


http://www.kunnskap.no/
http://www.kunnskap.no/demo/basis4

Denne nettstaden baserar seg på digitale læremidler til Kunnskapsløftet. Demopakken Basis4 har 150 online spel som passar til bruk i norsk, engelsk, matematikk og naturfag.


http://ldd.lego.com/default.aspx

Eg kom over ein kjekke sak til, denne er ei lenkje til eit lego-designprogram. Barna kan lage sine eigne bilar, hus og båtar på pcen.











Framtidas slutt eksisterte frå før


http://www.stickycomics.com/where-do-you-get-your-ideas/

Når bør elevar vere bevisste på kva som er gode kjelder og henvise til desse? Korleis få dei til å forstå forskjellane på andres arbeid, eige arbeid? Når er ein inspirert og når er ein rett og slett ein copycat?

Med utgongspunkt i meg sjølv og mitt læringsforløp fann eg ofte tekstar andre hadde skreve og skreiv dei om med mine eigne ord. Dette i seg sjølv er jo ikkje gale, men manglande referanse satte heile teksta litt på grensa til det ulovlege. På den tida var eg redd for at læraren skulle finne ut at eg ikkje hadde funne på dette sjølv, eg var redd for at han eller ho skulle lese igjennom originalteksta, legge saman to og to og sjå at dette ikkje var mitt arbeid. Eg hadde ikkje lært at det var heilt vanleg å bruke kjelder, og endå meir vanleg å ikkje ha lov til å ha eigne meiningar viss ein ikkje kunne henvise til nokre andre som hadde same konklusjon. 

Eg veit ikkje hvilket klassetrinn ein forklarar elevane sine i dag korrekt kjeldehenvisning og at det er heilt greitt å bruke andre sine meiningar. Eg blei forklart at ein ikkje skulle kopiere frå andre, alt ein skreiv skulle komme frå ein sjølv, dette lærte eg i 10. klasse, men det var 1. året på vidaregåande at eg skjønte rett og gale.  

Ein av dei første oppgåvene på Media og Kom. på Firda var å skrive eit kåseri på ei side om kva vi ville bli når vi blei store. Eg hugsar ikkje kva eg skreiv, synd er det. Halvvegs spør sidemannen min om eg kan lese igjennom og sjå om eg såg skrivefeil og om eg likte den. Kåseriet var kjempebra svarte eg og gjekk tilbake til mitt eige arbeid. Eg var ikkje heilt ferdig, slutten var framleis eit mysterium men no hadde eg fått svaret. Sidemannen min hadde ein så artig slutt at eg baka den inn i mi framtid og. Ho leste over sidan eg hadde lest hennar, men reaksjonen var ikkje god. Eg forsto ingenting, var der så mange feil? Læraren kom bort, sidemannen min fortalde henne at eg hadde same ending som ho. Ja, sa eg, er det gale då?

Etter dette forsto eg at ein kopierte ikkje frå andre på den måten, uansett kor bra det måtte vere. Idag bør ein lære seg korrekt kjeldebruk tidleg, dvs hvertfall før vidaregåande. Dette er ei påstand, men den ligg på god grunn. Det er vel allment kjent at dei fleste elevar har meir tilgong til verda og kjelder via nettet i dag enn før. 


________________________________


http://2010.arkiv.ndla.no/nb/node/6738/menu608









Samskriving

Frå: stickycomics.com

Samskriving,
skrive saman,
saman om ein tekst,
tekst skapt ilag,
lagarbeid,
arbeid skapt saman,
samarbeid.



"-Samtidig kan det å skrive sammen med andre være motiverende for aktiv læring. Elevene vil også kunne se teksten innenfra, fordi de skaper noe, samtidig som de kan diskutere språklige fenomener, sier Eritsland"(Amli:2008)*. 

Kåre Amli skreiv i ein artikkel til forskning.no om fordelane ved å la elevar skrive saman. Den klart største fordelen ved å arbeide slik er forbereiinga til arbeid seinare i livet. Å jobbe i team der ein har respekt for andre meiningar og kan tilpasse sine eigne i ulike situasjonar. Etter å ha studert i Wales i eit år vart det tydeleg kor mykje Noreg har satsa på samarbeid i skulen. Eg er 89-modell og L97 har sett sine preg på meg. Mine medstudentar ved universitetet i Wales hadde og har framleis store problem med å samarbeide i grupper. Mine tidlegare medstudentane fortalde sjølv at det ikkje var noko stort fokus på samarbeid i skulen. I gruppearbeid brukte vi lang tid på å blant anna avtale møtetider, delegere arbeid og roller, og å diskutere og ta opp ulike saker i gruppa. Kompromiss og initiativtaking for felleskapet var mangelvare. 

For nyutdanna i UK vil samarbeidskulturen vere eit slag i trynet den første veka i draumejobben, men det er sjølvsagt viktig å kunne stå på eigne bein, derfor bør ikkje samskriving ta all tid i til dømes faget norsk, men vere ein del av det. Ein forskar ved namn Middelfart laga ein powerpoint* i 2009 der det er lagt fram negative punkt ved samskriving, ei av dei er usakleg tilbakemeldingar på setningsoppbygging og stavefeil, som til dømes - for ei rar setning du skreiv no. Ut i frå det eg ser er formålet med samskriving å gjere elevane obs på korleis å omformulere slike usaklege kommentarar og etterkvart lære å respektere kvarandre, og seinare dra nytte av dette i arbeidslivet. 



__________________________________________________

Kjelder:

*Amli, Kåre: publisert 04.06.2008. http://www.forskning.no/artikler/2008/mai/183097 - besøkt 11.11.2011.


* Middelfart - http://www.sdu.dk/, 2009: http://www.google.co.uk/url?sa=t&rct=j&q=samskriving%20negative&source=web&cd=1&sqi=2&ved=0CBcQFjAA&url=http%3A%2F%2Fwww.sdu.dk%2F~%2Fmedia%2FFiles%2FOm_SDU%2FInstitutter%2FIfpr%2FKonferencer%2FNOFA%2FPraesentationer%2FAlferitsland.ashx&ei=HHS8Tv-nNcSg4gSEhryABA&usg=AFQjCNFndRcndVPbAGcfRrFzvLrVOEY7yA - besøkt 11.11.2011

mandag 26. september 2011

Kindle me kindly


Kvar dag på bussen og tuben står eg ved sida av nokon som les i ei bok eller avis og som regel er det alltid nokon som les teksta elektronisk. Eg har ikkje testa ut å lese ei bok på skjerm slik som Kindle og iPad og veit ikkje korleis opplevelsen er, skulle gjerne gjort det.

I can't help but wonder; Vil desse alternativa vere like bra som papir utgåva? Korleis vil det bli teke imot i skulen, er det nokon i Noreg som prøvar dette ut? Eg fann ein artikkel frå 2010 på NRK sine nettsider der det blir oppforda til bruk av desse e-platene i skulen. Idag har marknaden blitt endå heitare i følge denne artikkelen

Kva er det skulane ventar på om dei ikkje allereie har starta? 






søndag 25. september 2011

Gamle ord



Frå: http://redriverpak.wordpress.com/2011/08/10/i-almost-forgot-about-my-other-blogs/





















Idag brukar eg heile søndagen min på å sitte å oppdatere meg på kva som skjer heime i fagre Noreg. Dvs godt planta i sofaen, kaffi med melk i - Yes I'm becoming one of them, og 40 faner opne i tre forskjellige nettlesarar.

Etter å ha sjekka samtlige blogg-adresser i gruppelistene ser eg at der er mange som er i bruk. Ikkje av volda-studentar men random folk rundt om i verda som ikkje har oppdatert bloggen sin på mangfoldige år.

I can't help but wonder, do these people know the blog is still there and someone can see it?

Sjansen for at nokon vil bumpe bort i den er lik null, men sjansen er der, slik som her. Kombinasjon av namn og forkortingar blir omdanna til bloggnamn, linka og trykka på og ein ser at guri malla, det er faktisk nokon som tenkte i same baner som meg.

Uansett, eg snudde det heile rundt og tenkte, kva har eg lagt ut i mi tid som nettbrukar? Sidan eg var 12-13 har eg hatt tilgong til verdsveven. Surfa skjødeslaust rundt, lasta ned, meldt meg på og trykka OK. Grøss og gru, eg fann ein gamal blogg under google her som eg laga for nokre år tilbake som eg aldri byrja skikkeleg på. Eg har sletta den, no need for googln' that one.

Dei spora vi legg igjen på nettet er ikkje så harmfulle i seg sjølv, men det kan vel fort bli det om vi gløymer, og andre finn dei att sjølv om sjansen er nesten ikkje-eksisterande.

Så over til saka, her er lenkja til google dokumentet med mi øving i akademisk skriving.

https://docs.google.com/document/pub?id=1LTzM8I_oirJ6BoUk9rt9IYJJtQrR5W1WLjDTCvCiktg

Enjoy.


Les meg

Denne bloggen skal reflektere rundt emnet digital kompetanse i skulen. Dette er ein del av to emne DKL101 og DKL103 som nettopp tek utgongspunkt i korleis media og teknologi tek sin plass i skulen, både hos lærarar og elevar.

Skrivaren er derimot hverken lærar eller lærarstudent og har sin kompetanse på den andre sida av gjerdet så ta all refleksjon og notatar med ei klype salt.